Bærekraft i Stord Eiendomsutvikling​

Eigedomar for framtida – med omsyn til miljø, samfunn og økonomi​

I Stord Eiendomsutvikling ønskjer me å bidra til ei berekraftig utvikling i regionen vår – både gjennom korleis me byggjer, korleis me drifter, og korleis me planlegg for framtida. Me har som mål å vera ein ansvarleg eigedomsaktør som kombinerer lokal verdiskaping med miljømessig og sosial berekraft.

Miljø – energieffektive bygg og grøne val​

Me jobbar aktivt for å redusere miljøavtrykket frå eigedomsmassen vår. Det gjer me blant anna gjennom:

  • Rehabilitering og gjenbruk av eksisterande bygg framfor nybygg der det er mogleg – som i Borggata 12 og Ringvegen 24.
  • Energieffektive løysingar, som betre isolasjon, moderne ventilasjon og styringssystem for lys og oppvarming.
  • Fokus på materialval med låg miljøbelastning og lang levetid.
  • Tilrettelegging for framtidsretta mobilitet, som gode sykkelparkeringar, elbil-lading og sentral plassering for kollektivtransport.

Langsiktig økonomisk berekraft​

Me bygg for framtida – ikkje for kortsiktig gevinst. Det betyr:​

  • Å investera i varige løysingar og høg byggkvalitet som gir låge driftskostnader over tid.
  • Å vera ein stabil og langsiktig partnar for våre leigetakarar.
  • Å utvikla eigedomar som kan tilpassast nye behov og vekst – for leigetakarane, og for regionen.

Aktuelt saker