Totalrenovering av Borggata 12 – nytt liv midt i Leirvik sentrum

Borggata 12 er eit sentralt og tradisjonsrikt bygg midt i Leirvik sentrum som no får nytt liv gjennom ei omfattande totalrenovering i regi av Stord Eiendomsutvikling. Bygget, som er på om lag 1 000 kvadratmeter, blir totaloppgradert frå kjellar til tak – med nytt innhald og moderne standard tilpassa ulike formål.

Stord Eiendomsutvikling

  • 1. etasje blir tilrettelagt for servering og uteliv. Her kjem det ein ny restaurant og pub, med god synlegheit mot gata og tilkomst frå fortauet. Målet er å skapa eit levande og innbydande møtestad i sentrum.
  • 2. etasje blir det nye kontoret til ABO Plan & Arkitektur Stord, som flyttar inn i moderne og funksjonelle lokale tilpassa deira behov som rådgivarar og arkitektar.
  • 3. etasje inneheld to romslege bustadleiligheter med flott utsikt over sentrum og gode lysforhold.


Med denne transformasjonen blir Borggata 12 eit bygg med puls og aktivitet frå morgon til kveld – ein stad der folk jobbar, bur og møtast. Prosjektet er eit viktig bidrag til å styrka sentrum som ein attraktiv plass for både næringsliv og byliv.

Bygget skal være innflytningsklart i starten av 2026

Aktuelt saker